Offentleg ettersyn - Blom Fiskeoppdrett AS søkjer om løyve til å etablere anlegg for oppdrett av matfisk av laks og aure - Silda

Kommunevåpen std - Klikk for stort bilete

I søknad til Sogn og Fjordane fylkeskommune (dagsett 06.10.2017) søkjer Blom Fiskeoppdrett AS søkjer om å etablere eit anlegg beståande av 6 stk 160 metringer på 2 rekkjer (3+3) med tilhøyrande fôrflåte på AK området på austsida av Silda. Omsøkt MTB og utsleppsløyve i søknaden er 5460 t.

Arealbruken i søknaden er i tråd med vedteken regulering i kommuneplanen. Formannskapet innvilga i møte , sak 115/17 dispensasjon frå arealdelen for etablering av eit oppdrettsanlegg på Silda. Formannskapet heldt fast på vedtaket i formannskapsmøtet 05.10.2017 etter klagesak.

Søknaden ligg ute til offentlig ettersyn på kommunens heimeside. Merknadar til søknaden vert å senda til:

E-post: post@vagsoy.kommune.no

Merknadsfrist: 09.11.2017.

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 09.10.2017

Eit nytt akvakulturanlegg forventast å gje 2-3 arbeidsplassar. Positive ringverknader forventast for lokale bedrifter, for eksempel med kompetanse på elektro, nøter, dykkarar, sal og mekanikk. Eit akvakulturanlegg vil styrke TAF/YSK-akvakulturlinja på Måløy Vidaregåande Skule, der ein intensjonsavtale allereie er på plass. Forventing om aktivitet og leigeinntekter for lager/kai/base på Silda. Forventing om at tryggleiken for straumtilførsel på øya vil oppretthaldast på eit langsiktig og stabilt nivå med ein kommersiell aktør tilkopla. Forventning om etablering av eit visningssenter som vil gi positive synergiar til reiselivsnæringa på øya. Søkjar hevdar det vil bli minimum med støy, lukt og forureining i sjøen, då det ikkje vil bli brukt aggregat, n nye produksjonsmetodar brukast og lokaliteten ligg i eit område med gode straumforhold. Anlegget, med fortøyingar, er i samsvar med Fiskarlaget og Fiskeridirektoratet plassert slik at det ikkje er til hinder for reketråling i området.

Søknad og vedlegg til søknad:

Skjema akvakultursøknad Silda (PDF, 403 kB)
B-undersøkelse lokalitet Silda 2017 (PDF, 3 MB)
FG rapport nr. 13-17 Silda (PDF, 8 MB)
Rapport strøm Blom Fiskeoppdrett - Sildekruna mars 2017 (PDF, 6 MB)
Posisjoner (PDF, 89 kB)
Kartlegging av bunnforhold - Silda 17.11.2016 (PDF, 48 kB)
Sjøkart Silda (PDF, 793 kB)
Vedtaksbrev (PDF, 350 kB)
Beredskap - Håndtering av massedød (PDF, 42 kB)
Beredskasplan alger, maneter og forurensning (PDF, 100 kB)
Beredskapsplan rømming (PDF, 48 kB)
Rapport prosessbeskrivelse (PDF, 969 kB) 
Rapport fareanalyse (PDF, 146 kB)
Kvittering betalt gebyr (PDF, 10 kB)
Uttale Bergen sjøfartsmuseum (PDF, 633 kB)
Uttale Kystverket (PDF, 212 kB)
Uttale Riksantikvaren (PDF, 647 kB)

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering