Offentleg ettersyn – Detaljreguleringsplan for Barstadvika industriområde

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete
I samsvar med § 12-10, første ledd i Plan- og bygningslova, kunngjer Vågsøy kommune med dette offentleg ettersyn av Detaljreguleringsplan for Barstadvika industriområde, gbnr. 119/369 m.fl., datert 17.01.2013.

Føremålet er å legge til rette for å utvikle heile planområdet til industriområde, noko som først og fremst krev omregulering av området «kulturminneføremål» på Drageeigedomen, til industriføremål. Kulturminna det er snakk om er ei gravrøys frå tidleg jarnalder, samt ein kraftstasjon frå tidleg industrietablering. Begge kulturminna er klarert med hhv. utgraving og flytting. Planen opnar også for noko endra utfyllingsområde i sjøen.

Plandokumenta vert også lagt ut til gjennomsyn i papirversjon, på Servicetorget i rådhuset i Måløy (Gate 1 64 - "Skramsheim").


Innspel til planarbeidet kan sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy, innan 25.03.2013.

Etter at fristen for merknadar er ute, skal utval for plansaker vurdere innkomne merknadar og fremje ei innstilling til kommunestyret, for eigengodkjenning av planen.

Planhefte Detaljreguleringsplan for industriområde i Barstadvika finn du her (PDF, 3 MB).

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 07.02.2013
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering