Kommuneblomst for Vågsøy

Tiriltunge - Klikk for stort bilete

Vågsøy har no fått Tiriltunga som sin kommuneblomst.

Hageselskapet i Sogn og Fjordane utfordra i 2009 alle kommunane i Sogn og Fjordane til å velje sin eigen kommuneblomst. Bakgrunnen for dette var at Det Norske Hageselskap hadde 125 års jubileum i 2009.

Kommunestyret gjorde i møte 19.05.2009 i sak  K 21/09 vedtak om kommuneblomst for Vågsøy etter slik prioritering:

1.Kusymre, 2. Tiriltunge og 3. Kvitveis.  Kommunen sende så inn sitt vedtak til KS og Hageselskapet..

13 kommunar i Sogn og Fjordane sende inn forslag om kva dei ville ha som sin kommuneblomst. På KS sin strategikonferanse i Førde tysdag 09.02.2010 fekk Vågsøy tildelt sin kommuneblomst som vart tiriltunga. KS-leiar Olav Lunden og leiar av Hageselskapet avd. Sogn og Fjordane Arild Grøneng overrekte beviset til ordførar Silden.

Hyllestad fekk kusymra som sin kommuneblomst.

Tiriltunga er ein blomst som ein finn i alle vegkantar og på litt tørre stader og den blomstrar så å seie heile sommaren.

I leksikon kan ein lese om at tiriltunga har hatt flere bruksmål i gamle tider. Mellom anna i  folkemedisinen vart tiriltunga tørket og enten lagt på brennevin eller brukt i te. Denne brennevinen og teen vart brukt som magemedisin.  Rota har blitt brukt som eit blodrensande middel.  Dessuten vart tiriltunga lagt rundt jurene på kyrne for det var bra mot jurbetennelse.   Planten skal også gi ein svært pen gul farge ved farging av garn.

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering