Personvernerklæring for Vågsøy kommune

Denne personvernerklæringa fortel korleis Vågsøy kommune samlar inn, vernar og brukar opplysingar om personar (personopplysingar).

Når du kontaktar kommunen

Når du sender brev eller elektronisk post til kommunen er vi pliktige til å journalføre det. Brevet kjem då på postlista og alle som ønskjer det får då innsyn i innhaldet (offentleglova) gjennom søk på kommunen sine heimesider I nokre tilfelle kan innhaldet i brevet vere slik at brevet ikkje kan offentleggjerast. Då vil det ikkje kome på postlista. Brevet vert likevel journalført og behandla av kommunen (arkivlova). Det er eit viktig prinsipp at kommunen er open (forvaltingslova) og at dialogen du har med kommunen vert sikra for ettertida (arkivlova).

Du har rett til å bestemme over dine eigne opplysingar (personvernprinsippet) og du skal som hovudregel gje samtykke til at vi kan bruke dei. Kommunen skal rette seg etter det du bestemmer. Det er likevel slik at kommunen kan hente inn opplysingar om deg utan at du har sagt ja til det, der det er nødvendig for å utøve offentleg mynde. Vi har ikkje lov til å hente inn meir opplysingar enn det vi treng (dataminimering). Du har rett til å be om innsyn i dei opplysingane vi har samla om deg. Kommunen har eit eige personvernombod som passar på at vi held oss til lova. Du kan kontakte dette ombodet om du har spørsmål.

Kommunen leverer mange tenester og brukar ulike støttesystem i dette arbeidet. Fleire av desse systema inneheld personopplysingar. Døme på slike opplysingar er personnummer, namn, adresse, e-post-adresse, telefonnummer og underskrifter. Nokre av systema våre inneheld også sensitive personopplysingar. Døme på dette er innan helse- og omsorg der vi tar vare på informasjon om helsa di.

Sjå oversikt over alle typar personopplysingar som vi behandlar. (PDF, 214 kB)
 

Du har rett på innsyn i kva for informasjon kommunen har samla om deg og du skal kunne rette opp opplysingar som er feil I nokre tilfelle kan du, ved å trekke tilbake samtykket, krevje at kommunen slettar informasjon som er lagra om deg. I andre tilfelle har kommunen ei plikt til å samle og ta vare på personopplysingar om deg, sjølv om du ikkje ønskjer det (løyve gitt i lov).

Sjå oversikt over norske lover som gir oss slikt løyve. (PDF, 28 kB)

 

All informasjon er lagra i Noreg og det er dermed norsk lov som gjeld når du ber om innsyn eller endringar av informasjonen vi har lagra om deg.

Korleis får kommunen informasjon om meg?

Vi får opplysingane frå deg gjennom søknadar om kommunale tenester, søknad om arbeid og e-post eller brev du sender til oss. Informasjonen vert nytta når vi yter deg tenester. Viktig informasjon om helsa di kan, dersom det er behov for det, sendast vidare til sjukehus. Sjukehuset vil også sende helseinformasjon om deg tilbake til kommunen når du er ferdig med behandlinga der.

Personvernombod for Vågsøy kommune er Hans Thomas Solheim, epostadresse: personvernombod@iktnordfjord.no.

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 07.03.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering