Visjon

Vågsøy kommune

Vekst og trivsel i Vågsøy

Visjonen for kommunen er eit uttrykk for kva utvikling vi ynskjer at kommunen skal ha dei komande tiåra. Kommuneplanen tek for seg dei mest sentrale innsatsområda og synleggjere dei politiske prioriteringane. Til dei ulike innsatsområda er det bunde opp viktige målsetjingar og strategiar for korleisein vil arbeide for¨å nå måla. Planen synleggjer korleis kommuneadminstrasjonen skal arbeide for å nå måla og gjev viktige signal om ynskt utvikling av lokalsamfunnet. Både innbyggjarane, verksemdene, lag, organisasjonar og politikarar er viktige aktører for å oppnå målsetjingane i planen.

Vågsøy kommunestyre vedtok 16.12.98 å slutte seg til Fredrikstaderklæringa. Vedtaket inneber at ein vil arbeide for ei berekraftig utvikling av lokalsamfunnet. Ein vil søkje å sikre livskvalitet og livsgrunnlag for komande generasjonar, utan at dette går ut over naturen si bereevne. Vi må redusere ressursforbruket og miløpåkjenningane. Vågsøy kommune ynskjer at prinsippa; økologisk bærekraft, økonomisk bærekraft og sosial- og kulturell bærekraft, skal liggje i botnen, når vi no set opp dei viktigaste satsingsområda for dei neste 12 åra.

Kommunen har i arbeidet med kommuneplanen lagt opp til utstrekt medverknad og involvering av innyggjarane, næringslivet, lag og organisasjonar, slik at alle skal ha fått høve til å kome med innspel.

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering