Informasjon om Vågsøy

Vågsøy ligg lengst ute i Nordfjord på nordsida av fjorden.

Måløy og utsikt mot Fastlandet | Fotograf: Ola Grjotheim
Måløy med utsikt sørover. fotograf Ola Grjotheim
Utikt mot Almenningen
Utsikt mot Almenning.

Kommunen består av Vågsøya, Fastlandet, Bryggja og øyane Husevågøy, Risøy, Gangsøy, Grindøy og Silda.

Kommunen er berre på 166 km2 og her er ca. 6000 innbyggarar. Ca. 3000 bur i Måløy.

Måløybrua som vart opna i 1974 bind Vågsøya saman med fastlandet.

Sentrum i kommunen er Måløy som fekk bystatus i 1997.

Vågsøy er landets nest største fiskerikommune - tre av dei ti største fiskeriselskapa i Norge har hovudkontor i Måløy.

Måløy har den sise tida kome på topp 10 i kåring av Noregs beste næringslivsbyar, og Vågsøy scorar høgt blant landets beste gründerkommunar. Vågsøy er ein kommune med mange gründerar og kapitalsterke investorar. Det boblar og veks i kreative, nye næringsmiljø.

Næringslivet i Vågsøy har alltid vore internasjonalt orientert. Bedriftene kjøper og sel sjømat over hele verda. Basert på dette har det òg vakse fram eit variert næringslivsmiljø elles, med alt frå hovudkontor for salsselskap, møbelindustri og IT-bedrifter.

Vågsøy husar den einaste vindparken i Sogn og Fjordane, og vil snart få dei første testområda for nye konsept innanfor offshore vindkraft.

Vågsøy har eit yrande kulturliv og sterk dugnadsånd. Mange er aktive i kor, på danseskule, i kunstlag og idrett. Friluftsmulighetane, særleg knytt til sjøen og den heilt spesielle kystnaturen, er uendelege.

Til Måløy kan du kome deg på fleire måtar. Det går hurtigbåt til Bergen til/frå to gonger dagleg. Det går ekspressbuss til/frå Oslo 3 gonger dagleg. Det tek ca. 1 time til næraste flyplass. Hurtigruta har anløp Måløy både på nordover og sørover.

Nedanfor finn du linkar til transportørar du kan reise med til/frå Vågsøy:

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering