Områdeplan for Måløy sentrum

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Planutvalet gjorde i PU-sak 071/11 vedtak om å utarbeide områdereguleringsplan for Måløy sentrum.

I dag er det eit sterkt behov for å utarbeide ein samla plan for sentrum. Planprosessen og ein samla områdeplan for Måløy sentrum skal legge til rette for å utvikle Måløy sentrum som ein attraktiv, framtidsretta og levande by.

Avgrensinga av planområdet er som vist i kartutsnittet nedanfor:

Planområde - Klikk for stort bilete

Som fyrste ledd i dette planarbeidet vart det utarbeidd eit planprogram (PDF, 13 MB). Planprogrammet har lagt ute til høyring og vart endeleg vedteke av kommunestyret i sak K-029/12 den 22. mai 2012. Planprogrammet legg føringar for korleis områdereguleringsplanen skal utarbeidast.     

Det er gjennomført ein konkurranse om å utarbeide ei stadanalyse for Måløy sentrum. Eriksen Skajaa Arkitekter AS og Bjørbekk & Lindheim Landskapsarkitekter AS har utarbeidd stadanalysa.

Det er gjennom denne planprosessen nytta både ope folkemøte og møter med ulike brukargrupper. Facebook («Stedsanalyse Måløy») har og vert nytta.

Det er utarbeidd ei rekkje fagrapportar som skal leggast til grunn for planarbeidet og konsekvensutgreiinga.

Rapport vedr. universell utforming Måløy sentrum (PDF, 23 MB)

Klimasårbarheit (PDF, 7 MB)

Rasfarevurdering Måløy sentrum (PDF, 7 MB)

Kulturminneregistrering i Måløy sentrum, med vekt på bygningsmasse før og etter 1900 (PDF, 10 MB)

Det er utarbeidd ei kartskisse (PDF, 7 MB) som visualiserer hovudinnhaldet i stadanalysa. Skissa viser korleis vi kan verne om og styrke verdiar og kvalitetar som er identifiserte i planarbeidet.

Temaplan for næring (PDF, 2 MB) og temaplan for hamn (PDF, 2 MB) er no utarbeidd.

Kommunen er no inne i ein fase der det vert utarbeidd framlegg til plankart, føresegner, ROS-analyse og konsekvensutgreiing.

Referat frå medverknad under utarbeiding til planutkast finn du her (PDF, 2 MB).
Det er gjennomført workshop med kommunestyret. Administrasjon presenterte eit innlegg (PDF, 7 MB) i forkant av arbeidsoppgåvene. Kommunestyret kom fram til mange innspel (PDF, 3 MB) til det vidare arbeidet.

Sist endra 13.05.2015
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering