Open dag på brannstasjonen i Måløy

Logo - Klikk for stort bilete

350 brannstasjonar over heile landet opnar portane for små og store laurdag 21. september. I vårt distrikt kan du besøke brannstasjonen i Måløy. Nye tal viser at hausttradisjonen «Open brannstasjon» framleis er viktig for å redusere omfanget av alvorlege bustadbrannar:

 

  • Kvar femte familie har ikkje tenkt gjennom kva dei skal gjere om det begynner å brenne i eigen bustad
  • Berre 1 av 8 barnefamiliar har hatt brannøving heime
  • 1 av 4 har avtalt møteplass

 

Desse tala kjem fram i ei ny undersøking Kantar har utført for Norsk brannvernforening, forsikringsselskapet If og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i høve årets brannvernveke.

Sjølv om 4 av 5 barnefamiliar har tenkt gjennom kva dei eventuelt skal gjere om det begynner å brenne, er det i stor grad lause tankar. Litt over halvparten har snakka litt laust om det. Berre 1 av 4 barnefamiliar har avtalt møteplass i tilfelle brann, og så få som 1 av 8 har hatt brannøving heime.

- Vi oppmodar alle til å gjennomføre ei brannøving heime. For barnefamiliar er det spesielt viktig at dei vaksne har ei avklart rollefordeling i tilfelle brann, slik at ein unngår misforståingar i ein kritisk situasjon der ein kanskje ikkje klarer å tenkje klart. Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leitar etter trygt ein annan stad ute, seier Kim Hjelle, Vågsøy brann & redning.

- Det er skremmande at så mange barnefamiliar ikkje har tenkt gjennom kva ein skal gjere om det begynner å brenne om natta. Begynner det å brenne, er du og familien veldig overlatne til dykk sjølve i dei første livsviktige sekundane og minuttane. Då er det ikkje tid til å lure på kva ein skal gjere. Det er berre ved å ha brannøving heime ein kan trene på dette, seier Anders Rørvik Ellingbø. Han er branningeniør og leiar for skadeførebyggjande avdeling i forsikringsselskapet If.

Eit synleg og lett tilgjengeleg brannsløkkjeapparat er også spesielt viktig med tanke på brann om natta.

- Sekundane tel om det begynner å brenne, så plassering av brannsløkkjeapparatet kan vere avgjerande om det oppstår eit branntilløp. Om natta når det er mørkt er det spesielt viktig at det er raskt og enkelt å finne apparatet. Du skal vite kvar det står, og ikkje trenge å leite etter det, seier administrerande direktør i Norsk brannvernforening, Rolf Søtorp.

Open brannstasjon
I vårt distrikt er det Vågsøy brann & redning som står for gjennomføringa av arrangementet.

- Open brannstasjon gir oss eit høve til å formidle brannførebyggjande bodskap til publikum i ei tid på året da talet på bustadbrannar ofte er aukande. Om hausten trekkjer vi meir innandørs, og vi slår på lys og varme, fyrer i peisen og tenner levande lys, seier Hjelle.

Om Brannvernveka
Brannvernveka har vært arrangert sidan 80-tallet og har blitt en viktig tradisjon Noreg rundt, der tusenvis av barn får opplæring i branntryggleik. På rundt 350 stader over heile landet inviterer brannvesenet til Open brannstasjon laurdag 21. september. Open brannstasjon er lagt opp som en familieaktivitet, der barn og vaksne får gode råd om branntryggleik. Konkurransar, sløkkjedemonstrasjonar og brannbilar er noko av det ein kan oppleve, og mange stader får barna også helse på Brannbamsen Bjørnis.

Brannvernuka vert arrangert av Norsk brannvernforening, DSB og If i samarbeid med brannvesenet. Mange stader deltek også lokale If-kontor, Det lokale el-tilsyn og Sivilforsvaret. I vårt distrikt er det Vågsøy brann & redning som står for gjennomføringa av arrangementet. Her inviterer vi til open dag på brannstasjonen i Måløy, 21.09.2019 klokkenb 11:00-14:00. Oversikt over andre brannvesen som inviterer til open brannstasjon, finst på nettsida if.no/åpenbrannstasjon.

Mediekontaktar lokalt:

Kim Hjelle, brannsjef Vågsøy brann & redning,  tlf 91832818

John-Inge Henden, varabrannsjef Vågsøy brann & redning tlf 94154102


Mediekontaktar sentralt:
Sigmund Clementz, informasjonssjef i If Skadeforsikring
Mobiltlf: 982 49 805

Håvard Kleppe, avdelingsleiar for kompetanse i Norsk brannvernforening
Mobiltlf: 958 19 692

DSBs pressevakt
Mobiltlf: 992 52 000

 

Publisert av Bente Jørgensen. Sist endra 17.09.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering