Opning av det nye folkebiblioteket i Måløy

Barne- og ungdomsavdeling (Lammhults Bibliotekdesign A/S) - Klikk for stort bilete

Sjå program for opninga av det nye biblioteket i Måløy:

Måndag, 09.05.2016, på føremiddagen inviterer vi alle 3.-klassingar i Vågsøy kommune til ei førestilling med Reidar Kjelsen, barnebokforfattar og -illustratør. Vi serverer bollar og brus.


Den offisielle opninga er kl 16.00.

Kulturskuleelevar står for underhaldning og det vert tale og klipping av snora ved ordførar Kristin Maurstad. Servering: Kake og Mozell. Biblioteket held ope til kl. 19.00 denne dagen.

Velkomen!

 

Publisert av Therese Sæbøe Strand. Sist endra 03.05.2016