Opning av felles IKT-driftssenter

Nordfjordnett - Klikk for stort bilete Kommunestyra i dei 7 Nordfjordkommunane vedtok hausten 2012 å etablere felles IKT-driftssenter i Vågsøy.

I dag, tysdag 07.01.2014, kl. 12:00 vert det opning av dette nye IKT-driftssenteret i
Nordfjord, Nordfjordnett. Opninga vert markert i Nordfjordnett sine lokaler i Domsteinbygget i Vågsøy kommune.

Inviterte gjestar og pressa er invitert til å delta på ei enkel markering i høve opninga av felles IKT-driftssenter i Nordfjordnett sine lokaler i 2. etg. i Domsteinbygget. Det vil bli synfaring i driftssenteret sitt datarom i kjellaren på rådhuset, og det vil bli enkel servering i kantina på Domstein. Markeringa vert avslutta kl. 14:00.

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 07.01.2014