Oppfriskingsvaksine for vaksne

Vaksine - Klikk for stort bilete Ikkje alle vaksinane du får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet vernar deg livet ut. Påfyll av somme vaksinar i vaksen alder er derfor anbefalt for å oppretthalde vern mot sjukdomane.

Folkehelseinstituttet anbefalar at alle vaksne tar vaksine mot difteri, stivkrampe og kikhoste kvart tiande år. Alle desse vaksinane kan du få samla i ei sprøyte. Les meir hos Folkehelseinstituttet.

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 05.04.2019