Ordførarkjede

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete Ordførarkjedet vart laga av handverkar Kjell Jan Sætran ved M. Unhjem gullsmed A/S i Kristiansund. Kjedet er teikna av Nordfjordkunstnaren Inge Rotevatn. Det største anhenget viser kommunevåpenet, og dei mindre anhenga har tema frå næringslivet i Vågsøy. Verdien av kjedet var kr 25.000,-.

Ordførarkjedet var ei gåve frå Bergen Bank i høve 150 års-jubileet for Formannskapslovene.  Fleire og fleire kommuner fekk ordførarkjede på denne tida, og det var av den grunn banken gav eit til Vågsøy. Kjedet vart overrekt ordførar Rolf Domstein på ei tilstelning i Samfunnshallen i forbindelse med markering av 150 års-jubileet 19.12.1987.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 27.02.2015