PALS - konferanse for skulane i Vågsøy

PALS - siste nytt - Klikk for stort bilete

Vi heiar på skulane i Vågsøy, skriv Ingunn Byrkjedal i ei oppsummering etter siste PALS-konferansen på Sandane 14.09.2016.

Over hundre tilsette frå 22 PALS-skular og ni oppvekstsentra og barnehagar frå Sogn og Fjordane og frå Møre var til stades på den regionale PALS-konferansen på Sandane 14. september.

Heile 18 av desse skulane har arbeidd med PALS-modellen i meir enn fem år, og deltakarane på konferansen hadde såleis mykje erfaring med PALS frå eigen skule.

Med unnatak av Bryggja skule er Vågsøyskulane relativt ferske som PALS-skular, men dei hadde likevel mykje å presentere i sitt plenumsforedrag. Alle rektorane var framme med kvart sitt innlegg i det som samla vart ein svært inspirerande presentasjon.

Kommunaldirektør Ellen Jåvold innleia og sa m.a: «Vi i Vågsøy ønskjer å vere ein skule og  vi ønskjer å arbeide meir likt både for å kunne samarbeide betre og å utvikle oss.  Også folkevald skuleeigar har sendt oss signal om at skulane skal jobbe meir inn mot eit felles system og  med meir like arbeidsmåtar».  Dette er Vågsøyskulane klart på veg til å lukkast med. 

Vågsøyrektorane presenterte så korleis dette utviklingsarbeidet er organisert, både i den einskilde skule og mellom dei fem skulane. Ei lydhøyr forsamling fekk høyre korleis ein i Vågsøy vekslar mellom opplæring i PALS-team, i personalmøter og på nettverkssamlingar mellom tilsette frå dei fem skulane. For mange av tilhøyrarane på Sandane vart nettopp denne felles satsinga lagt merke til, og ein annan forelesar sa: «Vi heiar på Vågsøyskulane og  eg  skulle ønskje det var ei felles kommunal satsing hos oss».

Vågsøyskulane hadde også plass til praksisfortellingar. Latter i salen og ei kjensle av gjenkjenning var teikn på at  rektorane lukkast med gjenskape desse situasjonane.  I desse fortellingane fekk vi både innblikk i elevane sin situasjon, men mest vart vi tatt inn i ein tenking om kva den vaksne  kunne gjort annleis for å kome eleven betre i møte. Å formidle praksis som eit pedagogisk verktøy er virkningsfullt og kan vere kimen til vidare samtale og  refleksjon over skulen sin praksis.

Ei viktig målsetting for denne regionale PALS-konferansen var at skular skal få høve til  å dele erfaringar, og gjennom det skape inspirasjon og vitalitet i det vidare arbeidet. 

Takk for bidraget frå Vågsøy!  

Publisert av Therese Sæbøe Strand. Sist endra 28.09.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering