Pårørandeskulen i Vågsøy 2019

Demens-illustrasjon.jpg - Klikk for stort bilete No nærmar det seg oppstart av Pårørandeskulen i Vågsøy kommune for 2019. 

Skulen er for pårørande: Ektefelle, barn av, nær familie, nære vener av personar som er ramma av demenssjukdom.

Pårørandeskulen er eit samarbeid mellom Vågsøy kommune (For kommunen Hukommelsesteamet, leia av demenskoordinator Linda Blålid Lågeide) og Vågsøy Demensforening (leiar Ellinor Lillestøl). 

Skulen er ein kursmodell med faglege forelesingar og gruppesamtalar. Her får ein som pårørande  informasjon og støtte til å møte dei praktiske og kjenslemessige omstillingane og utfordringane som følgjer med omsorga for ein person med demenssjukdom.

Tema på kurskveldane er: Demens, nettverksarbeid, kommunikasjon/ det å vere pårørande, velferdsteknologi, aktivitet og meistring og tenester i Vågsøy kommune.

Evaluering av tidligare kurs viser at pårørande vurderer at det å delta på kurset er til hjelp, støtte og fellesskap.

Pårørandeskulen vert i år på fem onsdagskveldar, og tek til 6. februar. Skulen er utan omkostnader for deltakarane. Er det vanskeleg for deltakarar å kome seg til/ frå kan vi prøve å få ordna med skyss.

I etterkant av pårørandeskulen er det også tilbod om samtalegrupper dersom det er interesse for det. Her kan dei som har vore med på pårørandeskulen og andre som er interessert melde si interesse til demensteamet i Vågsøy Kommune.

 

Pårørandeskulen i Vågsøy 2019

 

Eit samarbeid mellom Hukommelsesteamet i Vågsøy kommune og Nasjonalforeninga for folkehelsa ved Demensforeninga i Vågsøy.

Har du familie/ nære venner med demenssjukdom?
Vil du delta på pårørandeskulen? Du må melde deg på!
Ta kontakt på telefon 468 00 602.
(Dersom du ikkje får svar, vil du bli ringt opp att.)

                        
06.02.2019: Kva er demenssjukdom?
Forelesar: Sjukepleiar Frode Kvalheim
 
13.02.2019: Tenester i Helse og Omsorg i Vågsøy kommune.
Forelesar: Tenesteleiar Anita Solberg
 
27.02.2019: Hjelpemiddel og Velferdsteknologi.
Forelesar: Ergoterapeut Hilde Barmen
 
06.03. 2019: Kommunikasjon og samhandling. Pårørande fortel.
Forelesarar: Johanne Lofnes og Elsa Iversen
 
13.03. 2019: Pårørande ein samarbeidspartnar. Nettverk og samspel.
Forelesar: Sjukepleiar Frode Kvalheim
 

Skulen vert gjennomført på Kulatoppen omsorgssenter (i kantina).

Tek til klokka 19.00 dei fem kveldane, og varer til om lag klokka 21.30.

Vi kan hjelpe med transport dersom det er vanskelig.

Demenskoordinator i Vågsøy kommune: Linda Blålid Lågeide. Mob: 468 00 602

 

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 30.01.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering