Pasient- og brukarombodet besøker Vågsøy kommune 13. oktober 2015.

Pasient- og brukarombodet - Klikk for stort bilete

Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ta vare på behova, interessene og rettstryggleiken til pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta. Vi skal også arbeide for å betre kvaliteten på desse tenestene. Vi arbeider både med kommunal helse- og omsorgsteneste og spesialisthelsetenesta (sjukehusa).

  • Frå kl. 10.00 er det høve for alle pasientar, pårørane og brukarar til å bestille time hjå oss dersom dei ønskjer råd og rettleiing. Vi har fått låne eit møterom på kommunehuset i Måløy. Dei som ønskjer time bør helst ringe oss og tinge time på førehand. Vårt telefonnummer er 90 24 66 78.
  • Kl. 15.00 vil vi ha møte med tilsette ved Kulatoppen omsorgssenter.
  • Kl. 18.00 ønskjer vi å møte pasientar og pårørande ved Kulatoppen omsorgssenter. Vi vil orientere om kva pasientrettar denne pasientgruppa har, og våre erfaringar med å ivareta desse pasientrettane. Vi ønskjer også tilbakemelding frå pasientar og pårørande om kva erfaringar dei sjølve har.

Pasient- og brukarombodet skal arbeide for å ta vare på behova, interessene og rettstryggleiken til pasientar og brukarar av helse- og omsorgstenesta. Vi skal også arbeide for å betre kvaliteten på desse tenestene. Vi arbeider både med kommunal helse- og omsorgsteneste og spesialisthelsetenesta (sjukehusa).

Vi gjev råd, rettleiing og informasjon om retter til pasientar, brukarar og pårørande. Vi kan vera ein god samtalepartnar, og har tid til å drøfte pasienten og brukaren sine erfaringar. Vi kan også gje bistand til å klage på avgjerder eller å søke om skadebot. Vi bistår også i møter pasientar eller pårørande har med tenesteytar, i saker der dialog kan vera med å løyse ei konflikt.

Vi er ein statleg organisasjon. Vi er ikkje ein del av helsetenestene, men jobbar fagleg uavhengig av dei.

Vi har teieplikt, og er eit gratis tilbod.

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 08.10.2015
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering