Pepparkakemåløy på biblioteket

Plakat Pepparkakemåløy 1.jpg - Klikk for stort bilete

 

Vi skal prøve å setje saman ein pepparkakeby – det vert sjølvsagt Pepparkakemåløy! Det er berre å finne fram kjevla og brette opp ermane. Om ein bakar sjølv eller sett saman eit ferdighus og dekorerer er ikkje så farleg. Vi sett ikkje høge arkitektoniske krav. Det viktigaste er å ha det kjekt.

 

Om nokon vil prøve å lage noko ein kjenner att frå nærmiljø er det òg kjekt. Som dykk ser har fleire alt meldt seg på. Alle er velkomne til å delta!

 

Ein må ikkje melde seg på – vi tek imot alle pepparkakebygg f.o.m 15. november. Før jul vert det og ein pepparkakeknusefest der Måløy møter ein ublid skjebne!

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 30.10.2018 11:00