Plasskonstatering i Vågsøy kulturskule for 2018/2019

Notar - Klikk for stort bilete

Vågsøy kulturskule er som andre i full gong med å planlegge hausten. Alle eksisterande elevar får i desse dagar ut plasskonstateringsskjema for Vågsøy kulturskule for komande skuleår 2018/2019. Plasskonstatering er eit formelt skjema der føresette varslar om ein vil halde på eller seie opp elevplassen på den eller dei disiplinane ein går på ved Vågsøy kulturskule. Ein må sende inn eitt skjema for kvar elev. 

I år snur vi litt på flisa ved at dei som går på aspirantopplæringa også leverer inn skjema. Informasjonen om kven som vert med vidare vert så sendt til korpskontaktene. Dette for å forenkle planlegginga av hausten.
 

Vi ber om at heimane sender inn plasskonstateringsskjema før fristen 01.06.2018.

Alle elevar får skjema på timen, og kan levere dette attende i signert tilstand til læraren. Ein kan også levere den på servicetorget på rådhuset og seie at ein skal leggje det i posthylla til kulturskulen. Alternativt scanne/ta bilete av skjemaet og returnere det på mail til rektor. Alt etter kva ein syns er enklast. (Dersom ein bruker ein av dei mange scanner-appane på smarttelefon, er det fint om ein sjekkar kvaliteten før ein sender skjemaet inn. Likeså om ein tek bilete av skjemaet.) 

 
Ved spørsmål, ta kontakt med rektor Hildegunn Vederhus
Mobil: +47 977 13 315.
E-post: hildegunn.vederhus@vagsoy.kommune.no
 
Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 16.05.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering