Ordføraren

Bilde av ordførar - Klikk for stort bilete

Ordførar i Vågsøy for perioden 2015 - 2019 er Kristin Maurstad.
Kristin Maurstad representerer Arbeidarpartiet.

Varaordførar er Nils Myklebust frå Senterpartiet.

Vågsøy kommunestyre valde ordførar og varaordførar i det konstituerande møtet 01.10.2015.

Ordføraren
NamnStillingTelefonE-post
Kristin Maurstadordførar57845010/41234049kristin.maurstad@vagsoy.kommune.no
Nils Myklebustvaraordførar57850068/90682707nilsmy@frisurf.no


Ordførar - Klikk for stort bilete

Helsing frå ordføraren: Eg håper du trivst i Vågsøy!

Ytterst i Nordfjord ligg Vågsøy kommune, med kystbyen Måløy som kommunesenter. Med havet som næraste nabo, er Vågsøy tufta på kystkultur og fiskeri.

Organisasjonslivet og dugnadsånda i Vågsøy er sterk. Kombinert med lett tilgang til friluftsaktivitetar til sjøs og til fjells, er det godt å bu og leve i Vågsøy.

Næringslivet er aktivt, og mykje av aktiviteten er knytt til kyst, sjø og hav. Vi er ein av dei største fiskerikommunane i landet, og har betydeleg aktivitet via Måløy hamn. Vi er også sterke på teknologi, med eit raskt veksande miljø. Kjenneteiknet vårt er at vi er nytenkande, omstillingsvillige og internasjonalt orientert.

Måløy har eit sterkt utdanningsmiljø med mellom anna vidaregåande skule, fagskule og opplæringsfartøy. Dette gir ungdom gode moglegheiter til å velje mellom eit breitt utval av utdanningsvegar.

Dei kommunale tenestene i Vågsøy er gode. Vi leverer kvalitet for innbyggjarar i alle aldrar.

Om du er innbyggjar eller på besøk: Ta gjerne turen innom nokre av attraksjonane vi har i Vågsøy, som den flotte Refviksanden, eitt av fyra, Kannesteinen eller Vågsberget, for å nemne nokre.

Og dersom du har noko på hjertet: Ta kontakt med meg!

Ordførar Kristin Maurstad

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering