Interkommunalt samarbeid

Nordfjordkommunane - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune deltek i ei lang rekke med interkommunale samarbeid. Dette er både formelle og uformelle samarbeid. Det meste av samarbeidet er med dei andre kommunane i Nordfjord: Bremanger, Eid, Hornindal, Selje, Gloppen og Stryn.

Her er ei oversikt over interkommunalt samarbeid der Vågsøy er med.

Nordfjordrådet
Overordna politisk samarbeidsorgan. Kommunane Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy i Nordfjord er med.

Karriere Sogn og Fjordane
Karriere Sogn og Fjordane tilbyr gratis karriererettleiing for deg som ynskjer å skifte jobb eller ta utdanning, eller er i ein situasjon der du må tenkje nytt.

Nordfjord Havn IKS
Interkommunalt hamnesamarbeid med hovudkontor i Måløy. Alle kommunane i Nordfjord, unnateke Hornindal og Bremanger er med.

Kommunerevisjonen i Nordfjord
Interkommunal revisjon med hovudkontor i Stryn. Alle kommune i Nordfjord, unnateke Bremanger er med.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane IKS
Interkommunal sentral med ansvar for brannmelding i Sogn og Fjordane med hovudkontor i Florø. Alle kommunane i fylket er med.

Kommunenett Nordfjord
IKT-samarbeidet i Nordfjord. Alle kommunane i Nordfjord er med.

Nordfjordnett

NoMil
Alle eigedommar i Vågsøy kommune er omfatta av tvungen renovasjonsordning, og må betale gebyr for denne tenesta. Renovasjonsselskapet NoMil - Nordfjord Miljøverk IKS - overtok renovasjonsordninga for Vågsøy 01.01.2012.


Andre samarbeidsorgan med kommunar der Vågsøy er med:

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering