Sjumilssteget - "Snakke saman - vere saman"

Sjumilsteget - Klikk for stort bilete

Kva er Sjumilsteget? 
Sjumilssteget er ei nasjonal satsing som skal ivareta barn sine rettar etter Barnekonvensjonen. Gjennom Sjumilsstegssatinga vil kommunen fremme barn sin rett til god omsorg. Foreldra er dei viktigaste personane for barna sine. Sjumilssteget set difor fokus på kva som gir foreldre meistring, styrke og engasjement i foreldrerolla. Sjumilssteget varer gjennom heile oppveksten, frå svangerskapet og til og med 10.klasse.

Snakke saman
Foreldra sine meingar og spørsmål knytt til rolla si er viktige. Sjumilssteget legg til rette for å snakke saman om viktige tema gjennom barndommen. Dette skjer på svangerskapskurs, barseltreff og på foreldremøte i barnehage og skule.

Vere saman
Fellesskap med andre barn og vaksne gir barn sosial kompetanse og kjensle av å høyre til. Sjumilssteget motiverer foreldre og barn til å vere saman for å skape eit trygt oppvekstmiljø.