Politisk organisering 2015 - 2019

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Vågsøy kommune er politisk organisert etter den såkalla hovudutvalsmodellen. Dette vil seie at kommunestyret har lagt det daglege politiske ansvaret for drifta av kommunen til eigne utval, som er inndelte etter fagområde.

Politisk organisering varer fram til kommunestyrevalet i 2019, og her er oversikt for valperioden 2015 - 2019:

Ordførar Kristin Maurstad representerer Arbeidarpartiet, og er kommunen sin øvste folkevalde leiar. Varaordførar er Nils Myklebust (Sp).

Kommunestyret har 27 representantar fordelt på 8 politiske parti: 6 repr. Arbeidarpartiet, 1 repr. Kristeleg Folkeparti, 8 repr. Høgre, 2 repr. Framstegspartiet, 4 repr. Senterpartiet, 3 repr. Venstre, 2 repr. Tverrpolitisk liste for Vågsøy, 1 repr. Raudt. Her er liste over dei som er valde og vararepresentantane (PDF, 190 kB).

Formannskapet er kommunen sitt planutval, finansutval og klagenemnd, og dessutan hovudutval på saksområde som fell utanfor dei andre utvala sitt område.

Vågsøy har følgjande hovedutval:

Helse- og omsorgsutvalet med Ørjan Kvalheim (H) som leiar.

Oppvekst- og kulturutvalet med Olav Horn (Sp) som leiar.

Administrasjonsutvalet (ADMU) handsamar saker som vedkjem kommunen som arbeidsgjevar.

Kontrollutvalet blir leia av Inger Grete Dalehamn. Utvalet skal på kommunestyret sine vegner føre tilsyn med arbeidet til formannskapet, hovudutvala og administrasjonen.
Her er oversikten over møteplanen for 2016.



I tillegg til desse utvala har kommunen oppretta rådsorgan:

- Eldreråd

- Kommuneråd for funksjonshemma

- Ungdomsråd (PDF, 31 kB)

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering