Positiv folkevekst 2. kvartal 2012 for Vågsøy kommune

Glad fisk
Glad fisk

I 2. kvartal var det ein folkevekst på 9 innbyggjarar, noko som er positivt i forhold til nedgangen i 1. kvartal. Hittil i år har vi blitt 5 færre i kommunen.

I Nordfjord (kommunane som er med i Nordfjordrådet) er det samla ein positiv folkevekst på 61 personar hittil i år. Folkeveksten skuldast ei positiv netto innvandring.

Netto innvandring er så stor at den kompensere for ei netto fråflytting innalandsk på -76 personar og eit negativt fødselsoverskot på -32 personar.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 16.08.2012