Rådgjevande folkerøysting 11.06.2018 - Utlegging av manntal

Flora og Vågsøy - Klikk for stort bilete

For å kunne røyste ved rådgjevande folkerøysting 11. juni må du stå i manntalet. Alle som fyller 16 og 17 år i år har også høve til å røyste.

Manntalet for Vågsøy kommune er frå og med 22.05.2018 lagt ut på Servicetorget i Rådhuset, Gate 1 nr. 120, Måløy. Her kan du kontrollere om du står i manntalslista.

Manntalet vert liggande på Servicetorget tom. valdagen 11. juni.

Rådgjevande folkerøysting - Står du i manntalet?
Har du flytta til/frå ein annan kommune og melding om flytting ikkje er motteke i folkeregisteret innan 1. april 2018, står du i manntalet i den kommunen du flytta frå. Du kan førehandsrøyste på Servicetorget i Vågsøy i perioden fom. 22.05.2018 tom. 08.06.2018.

Har du ikkje høve til, eller ikkje ønsker å røyste i førehandsrøysteperioden eller på valdagen, kan det nyttast brevrøysting. Denne kan du allereie no sende inn. Brevrøysta må vere Valstyret i hende seinast valdagen, 11. juni.

Dersom du meiner at du sjølv eller noko anna feilaktig er blitt innført eller utelaten i manntalet, kan du krevje at valstyret rettar opp feilen, jfr. Vallova § 2-6 og § 2-7.

Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal sendast til: Vågsøy valstyre, postboks 294, 6701 Måløy.

Valstyret vil oppdatere manntalet så lenge det er praktisk mogleg.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 16.04.2018
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering