Reguleringsplan Måløy - Open kontordag - Fredag 28.03. kl 11-13

Måløy - Klikk for stort bilete Den nye områdeplanen for Måløy sentrum er no under utarbeiding. Planprogram for områdeplanen blei vedteken hausten 2011 og stadanalyse blei utført våren 2012. Eriksen Skajaa Arkitekter AS, Norconsult AS, Bjøbekk & Lindheim Landskapsarkitekter AS og Code Arkitektur AS har inngått avtale med kommunen om utarbeiding av plandokument, fagrapportar og konsekvensutredningar. Planen skal vere klar for politisk handsaming seinast 20.12.2014.

Som ein del av områdeplanen skal det utarbeidast strategiske planer for havne- og næringsutvikling i Måløy. Desse planene er under utarbeiding i samarbeid med ei arbeidsgruppe som består av sentrale lokale aktørar.

Områdeplanen har fokus på å utvikle alternative metodar for stadutvikling med ein offentleg prosess og høg grad av medverkning. Både under utarbeiding av stadanalyse og i oppstart av planarbeidet har det vore arrangert opent kontor der byen sine innbyggjarar har fått moglegheit til å delta i diskusjonane rundt planarbeid og sentrumsutvikling. Dette arbeidet vil fortsette, både med opent kontor og andre forsøk på å gjere arbeidet tilgjengeleg.

Det vil bli arrangert opent kontor på Rådhuset fredag 28.03. frå kl. 11.00-13.00. Då vil planleggjarane vere tilstade i servicetorget i 1. etg. for diskusjon og innspel til planarbeidet.