Rehabilitering av Måløybrua

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Denne veka starta arbeidet med å pusse opp betongen på Måløybrua. Nordre fortau er stengt grunna arbeidet, og fartsgrensa er sett ned til 50 km/t på brua.

I 2018 er det planlagt arbeid frå seglingsløpet til ca. 250 meter inn mot Måløy sentrum. Dette medfører redusert ferdsel under brua der arbeidet føregår. Innsnevring til eitt køyrefelt er naudsynt i ei strekning på 2-300 meter, og trafikken vil bli sleppt igjennom fortløpande med hjelp av trafikklys. Fartsgrensa blir sett ned frå 60 til 50 km/t.

Nordre fortau vert stengt for all ferdsel i heile anleggsperioden, men fortau på sørsida skal vere ope for ferdsel.

Statens vegvesen vil halde informasjonsmøte om arbeidet 03.05.2018 kl 17.30 i kommunestyresalen i kommunehuset. Interesserte er velkomne.

Les meir informasjon frå Statens Vegvesen. (PDF, 56 kB)

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 25.04.2018