Resultat brukar- og pårørandeundersøking, medarbeidarundersøking 2018

Resultata for medarbeidarundersøkinga innan pleie og omsorg i Vågsøy kommune, sett under eitt, viser at dei tilsette stort sett er godt nøgde med viktige faktorar som:

  • Samarbeid og trivsel med kollegaer
  • Innhald i jobben
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Nærmaste leiar/ overordna leiing
  • Stolthet over eigen arbeidsplass
  • Organisering av arbeidet


Av totalt 12 målte variablar (faktorar), viser 10 Iik eller høgare score, samanlikna med førre medarbeidarundersøking som var i 2015. Det viser ei positiv utvikling innan arbeidsmiljø/arbeidstilhøva i pleie og omsorg.

Medarbeidarsamtale og System for lønns- og arbeidstidsordningar, er dei faktorane som viser ein svak lågare score enn ved førre måling i 2015.

Resultata av brukarundersøkinga kring heimebuande som mottar heimebaserte tenester(heimesjukepleie/praktisk hjelp) viser at brukane i Vågsøy kommune har høgare snittscore på alle tema i undersøkinga i 2018, enn snittet for Norge for same undersøking.

I snittet for Norge ligg resultata frå 40 kommunar, som har gjennomført same undersøking, som er ei standardundersøking frå bedre.kommune.no. Ut frå dette kan ein trekke at brukane i Vågsøy i større grad er fornøgde med tenestene dei mottar frå heimesjukepleia, enn gjennomsnittet for Noreg i 2018 (basert på dei 40 kommunane registrert på betre.kommune.no

Publisert av Bente Jørgensen. Sist endra 17.09.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering