Roger Aa Djupvik tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet.

Nordfjordrådet - Klikk for stort bilete

Roger Aa Djupvik er tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet. Roger Aa Djupvik er 37 år gammal og kjem frå stilling som idrettskonsulent i Oppland fylkeskommune. Der har han jobba med å bruke idrett som ledd i regional utvikling og gjennom idretten bygge relasjonar mellom næring og reiseliv. 

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 11.01.2018

"Roger Aa Djupvik har klare ambisjonar for å engasjere ungdom og la ungdom ta del i regional utvikling. Dette er heilt i Nordfjordrådet si ånd når det kjem til å styrke regionen som heilskap og jobbe i lag. Då er det heilt avgjerande at vi har dei unge med oss", seier ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad, som har leia prosessen med tilsettinga.

I tillegg til Leidulf Gloppestad har også ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad, rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, rådmann i Stryn, Rune Hovde og personalsjef i Gloppen Rita Lilletvedt vore med i gruppa som har tilsett Roger Aa Djupvik som dagleg leiar.

Gjennom sine erfaringar frå toppidretten både som utøvar og som tilsett i Norges idrettsforbund, vil Roger Aa Djupvik vera ei drivande kraft i å vidareutvikle samhandling i regionen og arbeide mot felles mål.

"Med Roger Aa Djupvik som dagleg leiar, i full stilling, vil Nordfjordrådet ha ei utviklingskraft vi tidlegare ikkje har hatt", seier ordførar i Vågsøy og leiar i Nordfjordrådet, Kristin Maurstad. "Med Roger Aa Djupvik har Nordfjordrådet fått ein dagleg leiar med genuin interesse for å utvikle heile Nordfjord og med god kompetanse og bredt nettverk."

Roger Aa Djupvik tek til i stillinga 1. mai 2018.

a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering