Samordna opptak av born til barnehagane i Vågsøy 2014

Frå Skramsmarka barnehage på barnehagens dag 21.03.06 - Klikk for stort bilete Det er samordna opptak til plass i barnehagane i Vågsøy. Opptak skjer i samsvar med vedtektene i barnehagane. Det skal nyttast eit felles elektronisk søknadskjema. Søknadskjema med informasjon for utfylling, presentasjon av barnehagane og vedtektene finn de på www.vagsoy.kommune.no.

Desse barnehagane har ledige plassar frå nytt barnehageår i august:

Fjordly Barnehage (Totland)
Holvik barnehage (Holvik)                     
Skarevik Barnehage Raudeberg)  
Skavøypoll Barnehage (Deknepollen) 
Skramsmarka Barnehage Måløy)         
Trollskogen Barnehage (Måløy)    

Søknadsfrist: 15.03.2014     

Lovfesta rett vil seie at barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av august 2014, og det må vere søkt om barnehageplass innan 15. mars og ønska plass innan 31.august 2014.

Alle søkjarane vil få skriftleg stadfesting på motteken søknad frå den barnehagen de søkjer som første alternativ. Tilbodsbrev vert sendt av den barnehagen barnet får plass i.

For hjelp til utfylling kan de kontakte styrar i barnehagane, Vågsøy kommune v/servicetorget eller på tlf 57845000.

Søknadsfrist:  15.03.2014