Signering av beredskapsavtale

Signering av beredskapsavtale Bryggja sanitetsforening.jpg - Klikk for stort bilete

Ondag denne veka signerte ordførar Kristin Maurstad og leiar for Bryggja Sanitetsforening Marit Nore Sørhaug ei avtale om omsorgsberedskap ved pandemi, større ulukker, kriser og katastrofar.

Dette vil seie at Vågsøy kommune kan kalle inn medlemer av Bryggja Sanitetsforening til å avhjelpe kommunen under ei krise ved til dømes forpleiing av hjelpepersonell, evakuerte og pårørande, transport og distribusjon av jod-tablettar. Ei slik avtale sikrar at ein på førehand har ei klar ansvar- og forventningsavklaring mellom kommunen og sanitetsforeininga.

Forskrift om kommunal beredskapsplikt seier at kommunen skal syte for tryggleiken til innbyggjarane og redusere risiko for tap av liv eller skade på helse, miljø og materielle verdier. Vi er difor svært glade for at vi har ideelle organisasjonar i lokalsamfunnet som ynskjer å støtte oss i dette arbeidet og takkar Bryggja Sanitetsforening for initiativet.

Du kan lese meir om omsorgsberedskap på Norske Kvinners Sanitetsforening si nettside.

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 21.12.2018
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering