Sjekk om du står i manntalet! Val 2019 i Kinn

Val - Klikk for stort bilete

Manntalet er oversikta over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste må du stå innført i manntalet i ei kommune.

Alle personar med røysterett førast automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i folkeregisteret som busett per 30. juni i valåret. Om du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har røysterett) i den kommunen du flytta frå.

Sjekk om du står i manntalet
Manntalet for Kinn vert lagt ut til gjennomsyn fom 10. juli og fram til valet. Du kan då sjekke om du står i manntalet i Kinn på servicetorget på rådhuset i Måløy, Gate 1 nr 120, og på Servicetorget i Florø, Markegata 51.  Du kan og ringe Vågsøy kommune, tlf. 57 84 50 00 eller Flora kommune, tlf. 57 75 60 00, og få opplyst over telefon om du står i manntalet.

Dersom du bur i utlandet, men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søkje til den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsrøystegjevinga utanriks.

Dersom du førehandsrøyster i Norge og ikkje brukar den omtala omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 10. september kl. 17.00.

Sist endra 23.07.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering