Skavøypoll skule - Kunstutstilling på Ulvesund fyr

Skavøypoll skule - Kunstutstilling - Klikk for stort bilete

Elevane på 6. og 7. trinn på Skavøypoll skule har dei siste 5 vekene jobba med eit prosjekt om fyrlykter langs Norskekysten i faget kunst & handverk. Dei har lært om ulike fyr, plassert dei på kartet og veit kva rolle fyret har hatt å seie for folket på kysten både før og no.

Dei avsluttar prosjektet sitt med ei utstilling som heiter: “Har du fyr – eg vil bli sett”. Dei vil vise fram dei flotte måleria dei har laga av ulike fyr. Elevane skal ha kunstutstilling på Ulvesund fyr i påska. Fyret er opent frå komande laurdag og til 2. påskedag. Dei spreke elevane har sykla ut til fyret for å lage til utstillinga.

Dette har vore eit fantastisk prosjekt for små og store, og Sølvi Hopland som driv fyret, er glad og takknemleg for utstillinga.

Vi håper at mange reiser på kafétur til Ulvesund fyr for å sjå.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 21.03.2016