Skavøypoll skule - Scenen er din!
Fredag før påskeferien arrangerte Elevrådet ved Skavøypoll skule den årlege “Scenen er din”. Elevane melder seg på i ulike kategoriar, og i år hadde vi dans, klovnar/teater, song, trylling/speedstacking og piano.
Det var mange talent på scena og juryen som besto av Elevrådet og rektor hadde ei vanskeleg oppgåve med å kåre ein vinnar i kvar kategori. Vi fekk også ei stor overrasking når Håkon Melseter frå Idol plutseleg entra scena.
Det var stor stemning i gymsalen og Elevrådet er særs nøgde med gjennomføringa!
Publisert av
Irene Sivertsen.
Sist endra 22.03.2016
|