Slutt på overgangsordning for TEK17

Paragraf - Klikk for stort bilete

I halvtanna år har det vore mogleg å prosjektere bygg etter enten TEK10 eller TEK17. Frå 01.01.2019 er det TEK17 som gjeld.

Då den nye byggtekniske forskrifta (TEK17) tredde i kraft 01.07.2017, kom det samtidig ei overgangsordning som tillot prosjektering og bygging enten etter TEK10 eller den nye forskrifta.

Denne ordninga opphøyrde ved årsskiftet 2018/2019. 

Søknadar om byggetiltak som kjem inn til kommuna etter 01.01.2019 skal prosjekterast etter TEK17. For søknadar som kjem inn etter dette tidspunktet er det ikkje lenger mogleg å velge at prosjektet skal prosjekterast etter TEK10.

Frå 01.01.2019 er også søknadsskjemaene endra, slik at det ikkje lenger er eit valg å prosjektere etter TEK10.

Etter særskild søknad kan kommuna tillate at TEK10 leggast til grunn for prosjekteringa også for søknadar som kjem inn etter 01.01.2019. Det gjeld kun for byggjetiltak der prosjektering er påbegynt før 01.07.2017 og der bruk av forskrifta vil føre til omfattande og kostbare endringar.

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 30.01.2019