SMIL-midlar og NMSK-midlar

Strategiplan for miljø - Klikk for stort bilete

Med bakgrunn i krav gitt i «forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket» og «forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» er det utarbeidd lokale mål og tiltaksstrategiar for Vågsøy kommune for 2017-2020. (PDF, 7 MB).

Frist for søknadar på SMIL-midlar er sett til 15.04.2019. Det kan sendast løpande søknadar om tilskot til NMSK-skogkultur midlar.

Søknadar om Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), og tilskot til drenering av jordbruksjord skal frå og med 2019 sendast inn digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn. Søknadskjemaet vart tilgjengeleg 11.02.2019.

Som søkjar kan du hente opp veiledning og forklaringar inne i systemet dersom det trengs. Når kommunen har behandla søknaden sendast svaret og vedtaket til foretakets innboks i Altinn – eller til Sikker Digital Post (evt. brev i posten hvis søkjar ikkje har digital postkasse) viss du søkjer om tilskot til drenering som privatperson.

Slik gjer du:
Gå til sida Altinn på internett.
Logg deg inn med MinID, BankID eller lignande.
Velg landbruksforetaket ditt som Aktør, eventuelt deg sjølv som privatperson dersom du søkjer om tilskot til drenering som privatperson.
Søk opp og vel skjemaet "Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)" eller "Tilskot til drenering i jordbruket".
Legg inn informasjon om tiltaket og last opp nødvendige vedlegg (kart er eksempelvis obligatorisk).
Søknaden sendast automatisk til kommunen som landbrukseigedomen for tiltaket ligg i.

Du kan gje andre rett til å fylle ut søknadsskjemaet for deg. Det ordnast også inne på Altinn. Snakk med dei først viss det er aktuelt.

Har du spørsmål?

Spørsmål om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og drenering av jordbruksjord kan rettast til kommunen. Meir informasjon om ordningane, bestemmelser om kven som kan få tilskot og kva tiltak som kvalifiserer til tilskot, samt om kva vilkår som må vere oppfylt finn du på heimesida til Landbruksdirektoratet:

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Her finn du og nyttige tips til utfylling av søknadskjema for SMIL, om kva opplysningar og dokumenter det er bra å ha tilgjengeleg før du startar å fylle ut søknadsskjemaet. Veiledningsvideo for søkjera ligg på fagsidene hos Landbruksdirektoratet under panelet Hvordan søke? Dersom det er tekniske problem med søknadskjemaet kan dette meldast til support@landbruksdirektoratet.no.

Ved spørsmål kontakt Janne Midtbø på tlf 57 84 50 00.

Publisert av Jon Even Kvalheim Myre. Sist endra 06.03.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering