SMS-varsling frå helsestasjonen


Viktig melding frå helsestasjonen:

Helsestasjonen har tidlegare bedt sine brukarar om å registrere seg på Helse Norge for å motta SMS-varsling om komande timar.

No viser det seg at SMS-varsling kun gjeld for timar hos fastlegen. Vi håpar at vi får endra dette etter kvart.

Inntil vidare må de bruke «helsekortet» som påminning om timane her hos oss. Evt at de legg inn varsling på eigen mobil.

Vi beklager sterkt dette. Sidan mange idag ikkje har registrert timane, vil vi i sommar forsøke å sende ut ei manuell melding om time.

Publisert av Mari Halsør Larsen. Sist endra 16.05.2019