Søkjer kandidatar til Trafikktryggingsprisen

Trafikktrygging - Klikk for stort bilete

Fylkestrafikktryggingsutvalet (FTU), ønskjer forslag til kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017.

Arbeid med trafikktrygging kan skje på så mange ulike måtar. Det kan vere å trygge vegane våre, drive haldningsarbeid og opplæring og leggje til rette for mjuke trafikantar. Trafikktryggingsprisen skal vere både ei påskjønning for nedlagt innsats og ei oppmuntring til å halde fram arbeidet, seier leiar for FTU, Noralv Distad.

25 000 kroner

Prisen er på 25 000 kroner og kan gå til enkeltpersonar, grupper eller lag og organisasjonar som har gjort ein særskilt innsats for å gjere trafikken i Sogn og Fjordane tryggare. Prisen vert delt ut kvart år, og sjølve overrekkinga vert i år på fylkestinget sitt møte 17. oktober.

I fjor gjekk prisen til Anna og Helge Brakstad, for innsatsen for mjuke trafikantar langs fv. 57 ved Heggelund i Gulen. Andre prisvinnarar dei siste åra har vore to idrettslag (Vik og Markane) og Våge Kvinne- og familielag. Dei har fått prisen høvesvis for å ha bygd rulleskiløyper/-anlegg i Vik og på Ullsheim og for imponerande dugnadsånd for veglys i Fjaler.

Send inn forslag

FTU ønskjer grunngjevne forslag på aktuelle kandidatar til Trafikktryggingsprisen 2017. Fristen for å sende inn forslag er 12. september. Forslag skal sendast til anten

Statens vegvesen Region Vest v. FTU-sekretariatet
Askedalen 4
6863 Leikanger

på e-post til firmapost-vest@vegvesen.no eller på heimesida til fylkeskommunen.

 

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering