Sommarles på biblioteket!

Utstillinga.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Leseaksjonen «Sommarles!» for 1. – 7. klassingar startar torsdag 1. juni, og Vågsøy er sjølvsagt med!

«Sommarles!» er ein digital lesekampanje som skal stimulere skuleelevar til å lese meir i ferien! Aksjonen er lagt opp som eit dataspel, der elevane registrerer seg på nettsida www.sommarles.no og legg inn kva bøker dei les. Etter kvart som antal leste sider aukar får dei både digitale premiar, dei går opp i «level» og dei kan også hente seg fysiske premiar på biblioteket! Elevane treng ikkje lånekort for å delta, men vi på biblioteket har sjølvsagt mange bøker som passar godt for denne aldersgruppa.

 

Erfaringane viser at elevar som les jamt og trutt gjennom sommarferien kjem på skulen att med styrka leseferdigheiter, og det vil sjølvsagt biblioteket vere med på å stimulere til! Har du ein elev i 1. – 7. klasse, eller kjenner du nokon dette kan passe for? Tips dei gjerne! Registreringa er enkel å gjennomføre, og nettsidene er sjølvsagt trygge og laga for å passe til denne aldersgruppa.  

 

Vi blir glade om du vil hjelpe oss å spreie ordet, så Vågsøy sine flinke elevar kan stille med endå sterkare leseferdigheiter i august! Og stikk gjerne innom oss for meir info eller leseinspirasjon i den nylaga utstillinga vår!

 

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 31.05.2017