Sommarutstilling på Vågsberget

ny utstilling vb.jpg - Klikk for stort bilete Laurdag 18. juni opnar ny utstilling i driftsbygninga på Vågsberget.

 

Karde firkant.jpg - Klikk for stort bilete

dolcegabbana Selbu Hotpants.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

 

Kystmuseet set i disse dagar opp ny utstilling i driftsbygningen på Vågsberget. Den har fått tittelen TRADISJON OG TREND – frå olderfars underbukser til Selbu Hotpants. Temaet er bruk av ull i Noreg frå den tida ull var nesten einaste tekstilen ein hadde, til i dag da ull igjen er trendy. Det er stor forskjell på olderfars strikka underbukser og dagens super-undertøy. Det er også langt frå vadmålsstakken til oldemor og haute couture som norske designarar no sender ut på catwalken. Men den varme kjelda har dei felles; ulla frå sauen.

 

Før 1850 måtte alle klede produserast lokalt, og i vårt område var ull nesten einerådande som tekstil. Flittige kvinnehender karda og spant, vevde, strikka og sydde klede til heile huslyden. Det var eit enormt arbeid, men likevel var ikkje jobben unnagjort med det. Til sengene skulle det vevast lerret, åklede og ryer. Skulle båten ha segl, måtte det og vevast. Det gjekk dessutan med mykje tråd til fiskegarn og nøter. Midt i all denne strida fann kvinnene rom for å vere kreative. Dei skapte nye mønstre i vevnader og strikkeplagg ned i slike detaljar at ein kunne sjå kva grend ein sjøfarande kom frå.

 

I dag kjøper vi dei fleste kleda våre ferdige på butikken. Sjeldan tenkjer ein over kvar buksa eller jakka kjem frå, eller kven som har laga dei. Framfor TV-skjermen let vi oss sjokkere over barnearbeid, urimelege arbeidsvilkår og forureining i tekstilproduksjonen i andre land, men vi stiller ikkje kritiske spørsmål når vi gjer eit kupp på klesbutikken. Finst det alternativ til dagens tekstilindustri? Nokre norske designarar forsøker å skape ein meir berekraftig mote, og dei satsar på norsk ull. Dei samarbeidar med Krivi Vev som produserer dei lekraste tynne stoff av ull frå norske sauer. Stoffa vert omskapt til haldbare klede med både tradisjonelt og moderne snitt. Er du blant dei som trur at norsk ull klør? Da må du berre tru om igjen.

Publisert av Dagny-Ann Gangeskar. Sist endra 15.06.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering