Språkkafé på biblioteket

Språkkafe plakat - Klikk for stort bilete

Biblioteket startar opp med ein Språkkafé ein gong i månaden for nye og gamle vågsøyværingar.

Første gong blir onsdag 28. september kl. 17.00-19.00

 

 

Språkkafé er meint som eit tilbod til dei som snakkar litt norsk og ønskjer å bli betre, samtidig som ein kan lære litt om norsk samfunnsliv og kva som skjer lokalt. Tanken vår er at ein over ein varm kopp kaffi/te og vaflar kan bli kjende med kvarandre og samtale på norsk. Barnepass vil vere tilgjengeleg på biblioteket. Ta gjerne nokon du kjenner og nytt høve til å utvide horisonten din!

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 23.09.2016