Stort engasjement for «Grøn næringsutvikling» i Nordfjord

Nordfjordrådet - Klikk for stort bilete

Tysdag 23. januar inviterte Nordfjordrådet næringsliv, politikarar, kommunar, FoU-miljø og utdanningsinstitusjonar til seminar om Grøn næringsutvikling.
Her møtte nærare 90 personar, og dette viser at det er stor interesse for tematikken i Nordfjord.

 

Målet med seminaret var å lage ein arena for kunnskapsbygging- og deling, samtidig som den skulle gje konkrete idear og forslag til satsingar som kunne sette Nordfjordregionen i front på «grøn næringsutvikling».


Frå næringslivet var det klare forventningar til Nordfjordrådet si oppfølging vidare. Det må leggast til rette for kunnskapsnettverk på tvers av bedrifter og kommune omkring tematikken. Det ligg eit viktig handlingsrom i regelverket for offentlege anskaffelser. Dette må kommunane bruke aktivt og på denne måten stimulere til utvikling i regionalt næringsliv. Her er det viktig med samarbeid og kunnskapsdeling mellom kommunane. Rekruttering av personar med kompetanse innan klima og energiomstilling kan skje i eit samspel mellom bedriftene og regionrådet. Det handlar om å marknadsføre at regionen ligg langt framme på dette området, og at bedriftene og kommunane følgjer opp med å etterspørje folk med denne kompetansen.

Frå Nordfjordrådet si side gir oppslutninga og engasjementet på seminaret ei stadfesting om at dette er ei viktig satsing å jobbe saman om i regionen. Regionen vår er ikkje tungt inne i petroleumsnæringa og har alt å tene på denne omstillinga. Rådet ser ei viktig kopling mellom våre fire vidaregåande skular i forhold til kompetanse og rekruttering til regionen. Vidare er kommunane si rolle som offentleg innkjøpar av bygningar, transportmiddel m.m ein viktig premissleverandør for å ta i bruk ny teknologi og legge til rette for energiomstilling. Prosjektet «Grøn næringsutvikling» som Nordfjordrådet har sett i gang, skal følgjast opp med ein handlingsplan for korleis rådet tek dette satsingsområdet vidare.

På Gloppen kommune si heimeside finn du linkar til alle foredraga.

a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering