Stortings- og sametingsvalet 2017 - Du kan førehandsstemme frå 10. august

Valglogo  - Klikk for stort bilete
Dersom du ikkje har høve til eller ikkje ønskjer å stemme på valdagen 11. september, kan du førhandsstemme frå torsdag 10. august til og med fredag 8. september. 

I Vågsøy kan du førehandsstemme på Servicetorget i Rådhuset, Gate 1 nr. 120:


Mandag - fredag kl. 08.00 - 15.00 i førehandsstemmeperioden.
 

Utvida opningstid for førehandsstemming:

Torsdagane 31. august, og 7. september til kl. 18.00
Laurdagane 26. august og 2. september frå kl. 11.00 - 14.00.

 

På institusjonane:

Bryggja omsorgssenter: 29. august kl. 11.00 - 12.00
Kulatoppen: 29. august kl. 15.30 - 17.00
Skaretun: 30. august kl. 15.30 - 17.00


Måløy vidaregåande skule:

Kantina v/Samfunnshallen:  31. august kl. 12.00 - 13.00

Nærare informasjon om dette finn du som oppslag på institusjonane og ved skulen.

Stemming heime:

Velgarar som er sjuke eller uføre og ikkje kan møte fram i stemmelokalet på valdagen eller i stemmelokalet for førehandsstemming kan etter søknad til valstyret få stemme heime (der dei held til).

Fristen for å søkje om å få røyste heime er mandag 4. september. 

Søknad kan sendast skriftleg til Vågsøy valstyre, postboks 294, 6701 Måløy eller på epost til post@vagsoy.kommune.no. Du kan og kontakte oss på telefon 57 84 50 00.

Meir informasjon om valet ligg på valg.no og på kommunen si heimeside.

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 05.07.2017
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering