Stortings- og sametingsvalet 2017 - Manntal

Valglogo  - Klikk for stort bilete

Alle personar med stemmerett blir automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busett per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå.


Sjekk om du står i manntalet
Manntalet for Vågsøy er lagt ut til gjennomsyn frå 10. juli og fram til valet.

Du kan sjekke om du står i manntalet i Vågsøy på servicetorget på rådhuset, Gate 1 nr 120 i Måløy. Du kan også ringe Vågsøy kommune, tlf. 57 84 50 00 og få opplyst over telefon om du står i manntalet.

Dersom du bur i utlandet
men har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge nokon gong i løpet av dei siste 10 åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett då du flytta frå Norge.

Dersom du ikkje har vore registrert busett i Norge dei siste 10 åra, må du søke til den siste bustadskommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søker ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemmegjevinga utanriks.

Dersom du førehandsstemmer i Norge eller ikkje brukar den omtala omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke eige skjema (PDF, 51 kB).

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 11. september kl. 21:00.

Publisert av Irene Sivertsen. Sist endra 13.07.2017
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering