Stortings- og sametingsvalet 2017 - Valkort

Valglogo  - Klikk for stort bilete

Alle velgarar får tilsendt valkort i posten. Valkortet blir sendt ut i begynnelsen av august månad.

Valkortet blir laga på grunnlag av opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa til velgarane per 30. juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer kva for kommune du har stemmerett i.

På valkortet finn du informasjon om opningstid og kva for vallokale du skal bruke på valdagen.

Dersom du førehandsstemmer, kan du stemme i alle kommunar i landet. Stemma di blir då sendt til heimkommunen din.

Det er ikkje nødvendig å ha med seg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for dei som tar imot stemma di dersom du har valkortet med deg. Det går då raskare for deg å stemme.

Har du ikkje fått valkortet i posten eller har mista det, kan du altså likevel møte opp i vallokalet for å stemme.

Publisert av Linda Alice Myhre Larsen. Sist endra 03.07.2017
a - a - a
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • (Bokmerke)
Kan vi hjelpe deg ? Kontaktinformasjon til Vågsøy kommuneSøk elektronisk i vårt søknadssenter
Kino-vekst-frivillig Måløy legekontorFiks gata miMåløy kinoNordfjord VekstVågsøy FrivilligsentralNordfjordhallenMOT
     
Vågsøy kommune - Gate 1 64 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering