Strategisk plan for SMIL-midlar

Grøft.png - Klikk for stort bilete Kommunen har avgjerdsmynde i forvaltning av tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK). Det faglege og administrative handlingsrommet er fastsett i «forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket» og «forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket». Innanfor ei økonomisk ramme tildelt av fylkesmannen, har kommunen høve til å prioritere tiltak ut frå lokale tilhøve, forankra i denne strategiske planen for SMIL-midlar (PDF, 2 MB). Formannskapet har i sak F 058/17 den 20.04.2017 vedteke strategiplanen.

Med bakgrunn i «forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket» og «forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket» er det utarbeidd lokale mål og tiltaksstrategiar for Vågsøy kommune.

Strategiplanen er utarbeidd i samsvar med forskrift og i samarbeid med organisasjonane i landbruket.

Føremålet med tilskotsordningane er å fremje natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, og redusere ureining frå landbruket. Normalt blir tilskot løyvd til tiltak som går utover det som kan forventast av vanleg jordbruksdrift på ein landbrukseigedom.

Målsetting: Vi skal ivareta gamle kulturmiljø og kulturlandskap og avgrense og hindre ureining og erosjon.

Sist endra 24.04.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering