Studietur til Aalborg

Fremtidens plejehjem Aalborg - Klikk for stort bilete

Saman med 25 andre deltok Jeanette Jensen (Rådmann), Aud-Marie Åsen (Tenesteleiar for Velferd), og Hilde Barmen (Ergoterapeut med ansvar for velferdsteknologi) frå Vågsøy på studieturen som vart arrangert av Gaudio v/Helle Kanaris 26.08.2019 - 28.08.2019.

På forhånd visste vi at vi ville få presentert idear og erfaringar fra ulike prosjekt og måter å jobbe på innenfor tildeling, samhandling, velferdsteknologi, rehabilitering, og investeringstankegang. På studieturen fekk vi mykje nyttig informasjon. 

Vi besøkte tildelingseining, MOU Rehabiliteringssenter, Fremtidens Plejehjem, fikk informasjon om Akuttenhet og besøkte Aalborg Sundhetscenter. Brukerane vert omtala som «borgere» i Danmark. Tankesettet som er gjennomgåande i Aalborg er at borgerane er i fokus og har ansvar for eige liv. Kommunen skal fremje borgerane sine moglegheitar for å leve sjølvstendig i eigen heim, saman med borgerane og deira nettverk. Ein arbeidar saman MED borgerane og deira mål vert førande for innsatsen. Tverrfagleg kartleggingar og tiltak tilpassa kvar enkelt borger er nøkkelen til gode tenester, motivasjon og sjølvstendigheit hos borgerane.  I tillegg er førebygging og helsefremjande tiltak ein måte å styrke borgerane før dei kjem i kontakt med hjelpeapparatet.

Vi gleder oss til å dele ny kunnskap og erfaringar med kollegaer i Kinn kommune.

Aalborg-modellen - Klikk for stort bilete

Sist endra 03.09.2019 08:58