Ta med ei bok - legg att ei anna

IMG_2698.JPG - Klikk for stort bilete

Ulvesund Fyrkafé og Vågsøy Folkebibliotek har gått saman om å starte eit «Little Free Library» på fyret.

Little Free Library er ein verdsomspennande bokbyteordning, der alle som vil kan forsyne seg med ei bok frå bokhyller rundt om i verda ved å sette igjen ei anna bok. Nokre hyller står ute i friluft medan andre står på kafear, hotell eller andre offentlege stadar der folk ferdast. Hyllane er registrerte på nettsidene til Little Free Library, så ein kan søkje opp på eit kart om det finnast ei hylle i nærleiken av der ein er. Slagordet til organisasjonen er «Ta med ei bok – legg att ei anna».

Biblioteket ventar no på at registreringa skal bli godkjent på nettsidene, og dette kan ta litt tid. Ein vil difor ikkje finne Ulvesund Fyrkafé på oversiktskartet med ein gong. Men biblioteket har fylt opp hylla med bøker både for born og vaksne, så alt er klart for at bokbyttinga kan starte. Ta med deg ei bok neste gong du legg turen innom Ulvesund Fyr, og ta med deg ei ny heimatt!

Bokhylla blir ståande gjennom heile sommaren, til Fyrkafeen stenger for sesongen i midten av august.

 

 

Publisert av Tamara Sortland. Sist endra 01.08.2017 12:47
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering