Teaterstykket "JEG!" - på teiknspråk

Teater JEG 2 - Klikk for stort bilete

Torsdag 21.april var Skavøypoll skule, ein elev Frå Holvik skule, førskulebarna i Skavøypoll barnehage og to klasser ved Vågsøy ungdomsskule i Nordfjordhallen for å sjå på teaterstykket “JEG!” framført av Teater MANU i samarbeid med Brage teateret.  

Teater Manu er Noreg sitt einaste profesjonelle teiknspråkteater og brukar difor teiknspråk som scenespråk

 

Teater JEG - Klikk for stort bilete teater jeg3 - Klikk for stort bilete

Teater Manu og Brageteatret sin nye produksjon «JEG!» baserar seg på ei biletebok av Svein Nyhus, som er ei filosofisk bok om eksistensialisme for barn.

I teaterstykket føl vi eit barn si reise gjennom ei mengde spørsmål som nokre gongar gjev svar og andre gonger berre gjev meir å tenke på. Denne framsyninga var likestilt for høyrande og døve, noko som bidreg til å gi ei annleis og mangfaldig teateroppleving. Skodespelarane brukte teiknspråk, medan det var spelt av lyd på høgtalarar i bakgrunnen slik at dei som ikkje kunne teiknspråk fekk med seg dialogen på scena. Elevane som brukar teiknspråk fekk møte den døve skodespelaren etterpå og det var veldig kjekt. Det vart ei stor oppleving for alle, både små og store!

Tusen takk til Ronny og Nordfjordhallen for positive mottaking og samarbeid om å få dette til!

Publisert av Therese Sæbøe Strand. Sist endra 22.04.2016
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering