Avdeling for psykisk helse og rus

Solnedgang - Klikk for stort bilete

Om psykiske helse og rus

Psykiske helseproblem og rusmiddelprobleamtikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle delar av befolkninga. Mange klarar å håndtere situasjonen ved eigen innsats og med støtte frå familie og nettverk. Andre har behov for hjelp fra helsetenesta. Behovet for hjelp kan bli utløyst av mange ulike faktorar, som også kan framstå som uklare. Det er viktig med tidlig intervensjon, slik at problema ikkje utviklar seg.
 

Solnedgang - Klikk for stort bilete

Kven kan få tenesta:

  • Kommuna har ansvar for at menneske som bur eller oppheld seg i kommuna får naudsynt helse- og sosialhjelp.
  • Personar som slit med å fungere i kvardagen på grunn av psykiske vanskar /liding og /eller rusproblem.
  • Alle som har behov for hjelp kan ta kontakt med avdeling psykisk helse og rus direkte, eller via søknadsskjema.

Søknad:

  • Munnleg eller skriftlig søknad frå personen sjølv, pårørande, lege, frå annen helse- eller omsorgsteneste i kommuna, frå spesialisthelsetenesta m.m.
  • Alle nye henvendelsar skal gå gjennom teamleiar - Stine Aase Myhre. Sjå kontaktinformasjon nede på sida.

Tenesta til den enkelte kan være:

  • Støtte- og innsiktssamtalar.
  • Kognitiv terapi, for vaksne eller barn og unge.
  • IMR- behandling individuelt og/eller i gruppe.
  • Utarbeide individuell plan og kriseplan.
  • Råd, rettleiing og undervisning.
  • Tilbod om ulike aktivitetar.
  • Bustadsosialt arbeid.
  • Mestrende Barn gruppe for born mellom 8-13 år, og SMART- gruppe fra 13-18 år.

Behandlingstilbod:

  • Psykisk helse og rus har teammøte kvar mandag og torsdag for felles prioritering av tiltak.
  • Alle blir kontakta innan 2 veker for vurdering av vidare oppfølging.
  • Det er tett tverrfaglig samarbeid med ulike faginstansar i kommunen og spesialisthelsetenesta for å gi best mulig hjelp.

Kvalitetsmål:
Målet er å fremme sjølvstendighet og evna til å mestre eige liv gjennom å gi et individuelt variert og tilpassa tenestetilbod. Samt å gi mogligheit for meiningsfylte aktiviter.

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare i samtale. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden.

Betaling:
Tenesta er gratis

Klageadgang:
Vedtak om tenester frå psykisk helse og rus kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke jf. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du under menyvalget "skjema" på toppen av sida, eller via linken under.

ial kontakt.

Kontaktinformasjon psykisk helse og rus
Kontaktinformasjon psykisk helse og rus
TelefonNamnE-post
57845000Sentralbordpost@vagsoy.kommune.no
57845542/95990242Cathrin Trollebøcathrin.trollebo@vagsoy.kommune.no
57845543/91639229Ingrid Sæbø ÅlandIngrid.sebo.aland@vagsoy.kommune.no
57845544/97092036Regine Weltzienregine.weltzien@vagsoy.kommune.no
57845546/97042642Judith Kvålejudith.margrete.kvale@vagsoy.kommune.no
40410873Bustadsosialt team
97180923/57845544Stine Aase Myhre- teamleiarstine.aase.myhre@vagsoy.kommune.no
Publisert av Tor Einar Andersen. Sist endra 07.02.2019
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering