Avlastingsopphald i institusjon.

Avlastningstiltak er tilbod til personar og familiar med særleg tyngjande omsorgsarbeid. Avlasningstiltak skal hindre overbelasning, gje omsorgsyter nødvendig fritid og ferie og mulighet til å delta i vanleg samfunnsaktivitetar.

Avlastningsopphald kan være dag-/ kveld-/ natt-/ døgnopphald.
Avlastningsopphald kan og gjevast som jamleg opphald (rullerande)
(eks. 1 veke avlastningsopphald i institusjon og 3 veker heime)

Kven kan få tenesta:
Dei som ikkje kan syte for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i kvardagen, har krav på hjelp.
Det er et vilkår for tenesta at den som treng avlasning, har eit særleg tyngande omsorgsarbeid.

Moment ein kan ta omsyn til er:
- om søkjaren har mange timar per månad med omsorgsarbeid
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enne vanleg
- om omsorgsarbeidet innber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen
- om fordeling over tid; om omsorgsarbeidet skjer i periodar eller heile tida
- om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid
- om det er snakk om omsorg for meir enn ein person

Kva kan du forvente av oss:

  • Informasjon, råd og rettleiing.
  • Vi yter tenester slik vedtaket er fastsett i samarbeid med både deg som er omsorgsmottakar og deg som omsorgsperson.
  • Vi yter tenesta med respekt for din livssituasjon.
  • Vi evaluerer tenesta saman med dykk.


Kva forventar vi av deg:

  • Du/din representant må søkje tenesta og gje samtykke til å motta den. Dersom du ikkje er i stand til å gje samtykke, kan din formelle representant gjere dette.
  • Vi får fullmakt til å innhente naudsynte medisinske opplysingar frå fastlækjar, spesialisthelsetenesta og fysioterapeut, slik at vi kan ivareta medisinske forhold best mogleg.
  • Du set deg inn i vedtaket.
  • Du syter for at privatklede er merka og at du avklarar vask av klede under opphaldet.
  • Du er sjølv ansvarleg for verdisaker/gjenstandar som du tek med deg under opphaldet.
  • Du tek stilling til kven som skal oppgjevast som næraste pårørande. Vidare bør du avklare kor mykje og kva slag informasjon det er ønskjeleg at personalet formidlar til næraste pårørande.
  • Du respekterer at tenesteytar ikkje kan ta imot pengar eller større gåver.


Lovheimel:
Lov om pasient- og brukerrettigheter endring pr. 01.jan. 2012 § 2-1a:
"rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen"

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester av 01.jan.2012 § 3-2 første ledd nr. 6 d: "avlastningstiltak"

Praktiske opplysningar:

Sakshandsaming:
Kommunen har plikt til å handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette.

Før saken kan avgjerast, vil vi kartleggje dine ønskjer og behov nærare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter fattast det eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Skriftlig søknad sendast til Vågsøy kommune. Fagkonsulent/personal kan evt. hjelpe deg med å fylle ut søknaden. Tildelingsnemnda i helse og omsorg fattar eit enkeltvedtak der det går fram om tenesta tildelast eller ikkje

Betaling:
Avlastningsopphald er gratis jf. forskrift om egenbetaling for kommunale helse- og omsorgstjenester

Klageadgang:
Vedtak på avlastingsopphald i institusjon kan klagast på etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 7-2.
Rett klageinnstans er Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Klagefristen er 4 veker etter at vedtake er motteke jf. Lov om pasient- og brukerrettigeter § 7-5. Klaga må grunngjevast og ein må nemne kva ein ynskjer vedtaket omgjort til.

Klaga skal sendast til Vågsøy kommune, Postboks 294, 6701 Måløy

Søknadskjema:
Vågsøy kommune har eige søknadsskjema som nyttast ved søknad om tenester frå helse og omsorg. Skjemaet finn du under menyvalget "skjema" på toppen av sida, eller via linken under.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon Avlastingsopphald
NamnTelefonE-post
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Anne-Lin Kvalheim57845533/90515733anne-lin.kvalheim@vagsoy.kommune.no
Berit Myhre Skavøypoll57845536/41463237berit.skavoypoll@vagsoy.kommune.no
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering