Avlastning for born og unge med nedsett funksjonsevne

Vågsøy kommune - Klikk for stort bilete

Avlastning er eit tilbod til personar og familiar med særlig tyngjande omsorgsoppgåver. Avlastningstilbodet skal gjere det mogleg for omsorgsytar/ane å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk, hindre overbelastning og gje moglegheita for naudsynt og regelmessig fritid og ferie.

Avlastning er eit tilbod til personar og familiar med særlig tyngjande omsorgsoppgåver. Avlastningstilbodet skal gjere det mogleg for omsorgsytar/ane å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk, hindre overbelastning og gje moglegheita for naudsynt og regelmessig fritid og ferie.

Korleis søkje om avlastning:
Søknadsskjema er tilgjengeleg på Vågsøy kommune si heimeside under kategorien «skjema» eller via lenkja under. Skjemaet som skal brukast er «søknad om tenester og kommunale bustadar». Skriftleg søknad sendast til Vågsøy kommune.

Etter innlevert søknad vil søkjaren bli kontakta av ein sakshandsamar som kartlegg situasjonen. Etter samtykkje frå omsorgsytar blir det innhenta utfyllande informasjon frå andre instansar dersom ein finn dette naudsynt. Det vil bli fatta vedtak ut frå denne kartlegginga. I vedtaket vil det gå fram om det er tildelt teneste, og storleiken på denne.

Korleis blir avlastning organisert:
Vågsøy kommune organiserer som hovudregel avlastning for barn og unge i alderen 0 -18 år i avlastningsbustad.

Avlastning kan ytast i tillegg til andre tenester.

I avlastningsbustaden skal barnet få dekka sine behov for bistand, omsorg og aktivitetar av kvalifisert personale i heildøgns turnus. Alle barn skal kjenne seg sett og verdsett og ha eit  trygt og meiningsfylt opphald i bustaden. Tilbodet til det einskile barnet i avlastningsbustaden blir utforma gjennom eit tett samarbeid med foreldre/føresette.

Betaling:
Avlastning er gratis.

Lovheimel:
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a:
"rett til nødvendig helse- og omsorgstenester frå kommunen"

Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 3-2 første ledd nr. 6 d: "avlastningstiltak

Kva forventast av foreldre/føresette:

  • De deltek aktivt ved kartlegging av behov
  • De set dykk inn i vedtaket
  • De gjev melding dersom de ikkje ynskjer dei tilbod som vert tilbydd
  • Det er svært viktig med ein god og open dialog mellom heim og avlastningsbustaden.
  • Det forventast at det blir gjeve naudsynt og oppdatert informasjon om barnet slik at det kan ytast god omsorg


Transport til og frå avlastningsbustaden:
Foreldre/føresette må sjølv syte for transport  tur/retur.


Kontaktinfo:

Koordinator for funksjonshemma
NamnTelefonE-postadresse
Sentralbord57 84 50 00post@vagsoy.kommune.no
Merete Verpeide (teamleiar for avlastningsbustad)959 27 904merete.verpeide@vagsoy.kommune.no
Sist endra 19.05.2017
a - a - a
Facebook Facebook
Fiks Gata Mi Fiks Gata Mi
Måløy kino Måløy kino
Måløy legekontor Måløy legekontor
Måløy Vekst Måløy Vekst
Nordfjordhallen Nordfjordhallen
Kinn kommune Kinn kommune
Opplev Måløy Opplev Måløy
UNG i Vågsøy UNG i Vågsøy
Vågsøy folkebibliotek Vågsøy folkebibliotek
Vågsøy frivilligsentral Vågsøy frivilligsentral
     
Vågsøy kommune - Gate 1 120 - Postboks 294 - 6701 Måløy - post@vagsoy.kommune.no
Login for redigering